Dette er sokkane "Sake" frå boka Knit.Sock.Love. Mønsteret skal visst vera inspirert av mønsteret i laks. Jaja, ikkje sikker på om laks var det første eg tenkte på. Mykje fletter og styr, men kjekke å strikka. Oppskrifta hadde berre ein storleik, og sidan eg strikkar ganske fast, vart det jentesokkar denne gongen og ikkje sokkar til mor. Kjekke sokkar å strikka for dei som likar å sitje med nasen ned i eit mønster (som meg sjølv....). Garnet er glittergarn frå I knit London, men det var ikkje så lett å få fram på bileta.
Garn: Ziggy stardust frå I knit or dye
Pinner: 2.5 mm
Lenkje til Ravelry: Sake