Sokkane kjem visst i feil rekkefølgje (eller i alle fall ikkje i den rekkefølgjen eg strikka dei i), men det får stå sin prøve.
Mykje rare uskrevne reglar som finst. Ei av reglane er at gutar ikkje kan ha sokkar med kast (hol) fordi det er å rekne som blonde og tøffe gutar brukar ikkje blonder. Jaja. Eg fann ut at dette garnet var så maskulint, i den grad garn kan reknast som maskulint, at eit kast eller mange burde gå bra. Eg synest ikkje at sokkane vart jentete i det heile tatt, og guten går med dei utan eit knyst. Varme er dei visst og!
Sjølvstripete garn kan bli litt masete av og til, men dette var ikkje så verst.

Høgre og venstre sokk er speilvendte (men det såg du vel...)
Mønster: In and Out frå boka Knit Sock Love
Garn: Regia World Circus Color
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til Ravelry: In and Out