Translate

torsdag 7. april 2016

Aeolian sjal

Strikkar du ikkje Gro? Joda, heile tida.... det er berre blogginga eg ikkje har vore så ivrig på!

Eg var ute på langtur for nokre veker sidan. Lange flyturar egnar seg godt til strikking av tynne blondesjal. 100 gram garn held leeenge, og det tek ikkje noko særs plass i veska. Takk og lov for at det er lov å ta med strikkepinnar på fly!

Eg har strikka to ekstra repetisjonar av det midterste mønsteret for å få sjalet litt større. Eg gjekk tom for det rosa garnet, så eg brukte ein rest av noko kvitt til dei siste omgangane. Vart ikkje så verst trur eg.

Om eg skulle gjort noko annleis, hadde det vore å strikka med spissare pinnar. Om du ser godt etter, ser du at det er små kuler eller nuppar fleire stader på sjalet, og det var litt vanskelig å strikka desse med gamle strikkepinnar som er butte etter mykje bruk.





Mønster: Aeolian shawl av Elizabeth Freeman (gratismønster)
Garn: Silk mohair frå Sandesgarn
Pinner: 4 mm 
Lenkje til Ravelry: Aeolian shawl


tirsdag 7. april 2015

Idiotsikre vottar



Det går knapt ein dag utan strikking, men blogging har det vore verre med. Eg får starte litt forsiktig....

Ungdommen i huset er speider og er titt og ofte ute på tur. Erfaring tilseier at det er ullvottar som er varmast, og no trengte han nye. Sidan dette er votter som ikkje skal vere til stas, men til nytte, vart det ikkje noko dill dall vottar. Eg fann to nøster med restegarn, og trudde det skulle verte nok til stripete vottar, men det var det ikkje. Ikkje veit eg kva eg har tenkt, men halvvegs i det eine nystet var det ein annan farge som kom fram. 

Vottane er like store, og har like breie striper, men elles vart det litt så som så. Dei gjer nytta! Høgre og venstre vott er like, så desse passar flott til dei som ikkje vil bruke tid på å finne ut kva vott som skal på kva hand. Ribbestrikk gjer at dei sit godt på handa. Vottane kan og strikkast med mansjett.


Mønster: Ribbevotter frå A's almanakk
Garn: Restegarn
Pinner: 3,5 mm 
Lenkje til Ravelry:Idiotsikre votter



torsdag 27. februar 2014

Bunad del 2

Lenge sidan sist no, men eg har ikkje slutta å strikke! Eg har strikka og strikka på ei kvit Fanatrøye, og det har ikkje vore så spanande å vise fram undervegs. Runde på runde med rillestrikk er det vel berre Skappel-damene som kan klare å få interessant...... 

No er band, knappar og anna tilbehør kjøpt inn, så no er det berre sjarmøretappen att..... Ser ut til at eg når siste milepælsdato som er konnfirmasjonsdagen sist i april! 


P.s Eg har strikka litt andre ting og sidan sist, må berre få teke bilete av det....

onsdag 25. september 2013

Prinseteppet

Eg fekk ein flott liten nevø i mai. Eg har strikka prinseteppet eller "Det royale svøb" ein gong før, og det er i grunnen eit kjekt teppe å strikka. Det er lettare å strikka enn det ser ut, så om du kan kast og to masker saman, så er du komen langt! Midtstykket er strikka på diagonalen, men kast i kvar ende. Kasta dannar små løkkjer som ein plukkar opp når kantane skal strikkast. Alt er godt forklart i oppskrifta. Dei fleste teppa eg har sett av dette er kvite, men eg tenkte at om det skulle tåle å bli brukt, så er ikkje kvitt så veldig praktisk...





Mønster: Marys Royale Svøb
Garn: Viking of Norway baby ull, omlag 800 gram
Pinner: 4 mm 
Lenkje til Ravelry: Prinseteppet

onsdag 11. september 2013

Bunad!

Me har konfirmant i huset til våren, og kven seier at det berre er jentene som skal ha bunad? Sidan gutar på 15 år veks mykje etter konfirmasjonsalder, fekk eg råd om at vest og jakke burde vente. Hadde eg vore ein meister på symaskin, så kanskje..... No vert det ein variant av Fanabunad som passar godt både til lommebok og ei strikkeglad mor. Husfliden i Bergen hadde forresten denne varianten i utstillinga si då eg var innom i sommar. I staden for vest og jakke vert det kvit Fanatrøye som eg har strikka ein gong tidligare, eg trur eg sa at eg ALDRI skulle gjere det att... Bukseselane som ein på ein vanleg bunad ikkje ser, skal brukast oppå jakken. Må vel snart byrja og strikke på jakken, for den tek tid (biletet under er den første jakken eg strikka)! Godt eg ikkje vert arbeidslaus med det første..... 



Ps. Konfirmanten sjølv ville gjerne ha bunad, så dette er ikkje noko mora har bestemt aleine...