Translate

mandag 9. mai 2011

Aprilsokkane Mona

Aprilsokkane til samstrikkinga på nettsamfunnet Ravelry ferdige. Desse heiter Mona og var eit mykje kjekkare prosjekt enn Thelonious-sokkane i mars. Godt sokkegarn frå Regia gjorde desse kjekke å strikke. Solveig vann det svært eksklusive sokkelotteriet denne gongen.


Vanskelige? Nei, i grunnen ikkje. Mønstera til Cookie A er godt skrevne, så det er ikkje vanskeleg å følgje med på dei fleste av dei. Dette var eitt av dei som var lett å huske, og det går i grunnen fort når ein ikkje treng å sitje med nasen ned i boka. Det vanskeligaste i byrjinga var å lære seg amerikanske forkortingar og strikketeknikkar, men alt går med youtube og internett....


Detalj av hæl. "Forkorta rad"-hæl og kile

Mønster:  Mona frå boka Knit. Sock. Love av Cookie A
Garn: Regia 4 fädig
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til RavelryMona 

mandag 2. mai 2011

Ferdig! Kvit Fanatrøye

Ikkje akkurat noko svennestykke, men det kjennes litt sånn... Eg har brukt ein evighet (det vil seie 10 månader), og eg har strikka og strikka og strikka!

Den kvite Fanatrøya er i grunnen finare enn den stripete kvardagstrøya synest eg. Meininga er at den skal brukast til best, og på søndagen.

 Nokre fakta:
  • Så mykje rillestrikk er ikkje spesielt spennande...
  • Å strikke med pinne nr. 2,5 mm skulle berre vore lov til babykle og sokkar!
  • Handsydde belegg er ikkje det kjekkaste eg veit, men du og du kor fint det vart!
  • Eg kjem ikkje til å strikke ei slik trøye ein gong til trur eg.

    Initialane til eigaren bak i nakken. Knappehola er kanta med raudt og med gult til regels. Knappane heiter "Holbergknappen" og er den same som vert brukt i Fanabunaden. Kva veg knappinga skulle vere var visst ikkje så viktig, herreknapping er visst ein nymotens ting!
    Detalj av mansjetten på armen.
Knappane er festa på gamlemåten med skinnreim. Eg stakk hol til knappen med ei stoppenål før eg pressa den gjennom belegget og festa den i skinnreima.
    Mykje "putlearbeid" med belegget. Alt er sydd for hand for å ikkje vise på framsida. Belegget er krympa i maskin på førehand.


Detalj frå framstykket. Diamantar nederst og skakkareiker øverst. Flotte namn!

Ingen tvil om kven som eig trøya!

Sånn. Godt å vere ferdig. Eg håpar eigaren vert nøgd!

Eg tek forresten ikkje imot bestilling.....

Mønster:  Hvit Fanatrøye frå boka Fanatrøyer
Garn: Rauma Gammelserie, bleika. Eg gløymde å vege den, så eg veit ikkje kor mykje garn som gjekk med.
Pinner: 2,5 mm