Translate

søndag 13. februar 2011

Sokkar til far - Monkey

Eg har som mål å strikka eitt par sokkar i månaden i 2011. Det gjer eg saman med ein heil haug med andre på nettsamfunnet Ravelry. Det er på førehand bestemt kva sokkar ein skal strikke, og i februar er det Monkey som skal strikkast. Det er ikkje lov å leggje opp før den første i gjeldande månad, så no er det ei stund til eg kan byrje på neste par. Alle sokkane er henta frå boka Knit.Sock.Love av Cookie A.

Far i huset vart trekt ut som heldig (?) mottakar av eit par sokkar denne månaden.

Detalj av hæl

Magisk garn som skiftar farge! 


Mønster: Monkey Gratismønsteret i linken er i storleik S. Eg har strikka strl. L som er ein mønsterrapport større.
Garn: Zauberball frå Schoppel-Wolle, farge "Stone-wash"
Pinner: 2,5 mm

søndag 6. februar 2011

Fanatrøye

No og då tek eg til med prosjekt som ser kjekke ut, men som viser seg å verte langdryge. Å strikke kvit Fanatrøye til ein vaksen mann på pinnenr. 2,5 mm tek tid og er vel kanskje ikkje det luraste eg har funne på. Eg har teke pause frå heile prosjektet ei stund no, for det er ikkje SÅ spennande å strikke rillestrikk fram og tilbake, fram og tilbake.....

Til no er begge framstykka, ryggen og 3/4 av eine armen ferdig. Det går på fram (trur eg). Husfliden i Bergen hadde ikkje slike trøyer for sal, for det var ingen som ville strikka dei. Det skal du få meg til å tru. MEN, resultatet trur eg vert bra! Trøya er etter gamalt ei bestetrøye, og den kan og brukast til bunaden i staden for vestane og jakken. Oppskrift og meir historie kan du finne i boka Fanatrøyer.  

 Band og knappar er kjøpt inn på Husfliden i Bergen.  



Sølvknappane heiter Holbergknappar og er kopi av ein gamal mynt. Fine! 


Detalj frå nederste del av framstykket (ikkje dampa enno!).

Nederst på armen.

"Diamantar" på øverste del av rygg og framstykker

Knappholet som ein kan skimte skal kantast med raud og gul ulltråd. Det skal og syast belegg på innsida av bomullstøy. Har ikkje gjort det før, men det vert vel ei råd......