Translate

torsdag 25. august 2016

Alt for korpset!

Eg strikkar ein del til skulekorpset. Ikkje fordi musikantane frys, men for å selje på julemesser og andre messer som me deltek på. Dette er mykje kjekkare dugnadsarbeid enn sal av lodd eller dopapir..... Me møtes av og til for felles innsats, men mykje vert strikka, sydd og laga heime av den enkelte. Om du vil sjå kva me produserer i haust, kan du gå inn på instagramkontoen vår. 

I dag skulle eg på jobbreise. Eg hadde ei halvstrikka hue heime, men eg har rekkeviddeangst. Eg er levande redd for å ikkje ha med meg nok garn når eg er ute og reiser. Dessutan var mønsteret i ei tung bok.... Eg har sagt det før, men seier det igjen; sjal er perfekt reisestrikk!





Mønster: Ladylike frå Dropsdesign (gratismønster)
Garn: Garn med glitter frå posesalg hos Sandnes garn (strikker med dobbel tråd)
Pinner: 5 mm 
Lenkje til Ravelry: Ladylike

mandag 8. august 2016

Rheinlust

Tidlegare i sommar vart eg med på å samstrikke sjalet Rheinlust. Eg strikkar stort sett aleine, men av og til deltek eg på slike samstrikk (knitalong) på internett, og det er svært kjekt. 

NB! Svartkvitt bilete, rett farge på bileta under

Sjalet var litt utfordrande å strikka i byrjinga. Det skal strikkast mønster både på rett- og vrangsida, så det gjeld å følgja med. Dei aller fleste trekantsjal eg har strikka til no vert strikka frå spissen og opp eller "frå halsen" og ned. Dette var litt anleis, og skulle strikkast på tvers, frå tupp til tupp.

Eg er veldig nøgd med det ferdige sjalet. Mønsteret gjer at det er hipp som happ kva side som vender ut, og det er mjukt og lett. Oppskrifta sa at eg trong 5 hesper, men antall meter stemde godt med 4, så eg hadde is i magen og bestilte 4.....det gjekk godt, men eg har to hesper ekstra som eg bestilte ein kveld eg såg litt mørkt på om eg hadde nok garn....




Mønster: Rheinlust av Melanie Berg (engelsk mønster) 
Garn: 4 hesper Manx Merino Fine frå Rosy Green Wool kjøpt hos Ninapetrina, farge 201 Devon
Pinner: 3,5 mm  
Lenkje til Ravelry: Rheinlust


mandag 9. mai 2016

Strikkatrøyene Bergen Baby og Mini Malsen

Desse trøyene (eller koftene som det heiter på riksmål) strikka eg til to nieser i julegåve. Trur dei vart litt store, men småjenter veks heldigvis... Sidan begge trøyene er strikka i Finull som er 100% ull og ikkje superwash, kunne eg klippe opp utan å sy med symaskin først. Eg var på kurs hos Pinneguri for ei god stund sidan, og ho viste korleis ein heklar fin kant før ein klipper. Eg har sydd band på innsida, men det er mest for pynt. 

Dagens beste strikketips frå meg når ein strikkar rundfelling er å ikkje felle maskene midt under ermet og på kvar side av bolen. Sett maskene oppskrifta seier du skal felle på ein tråd, og sy saman med maskesting eller kitchener stitch som det heiter på engelsk. Då slepp du den litt pølsete kanten under kvar arm :-)


Bergen Baby!

Bergen baby - belegg

Mønster: Bergen, baby av Ann Myhre 
Garn: Finull frå Rauma
Pinner: 2,5, 3 og 3,5 mm mm 
Lenkje til Ravelry: Bergen, baby

Mini Malsen

Mini Malsen - Belegg

Mønster: Mini Malsen frå Malsen og mor
Garn: Finull frå Rauma
Pinner: 2,5, 3 og 3,5 mm mm 
Lenkje til Ravelry: Mini Malsen




mandag 25. april 2016

Glitter og stas - Heartland sjal



Eg fekk noko garn til jul. Mjuk og god alpakka med glitter! For få nøster til ein genser eller lignande, men nok til eit sjal (trudde eg). Garnet var noko tjukkare enn eg pleiar å bruke til sjal, men det var fint likevel synest eg! Eg tok med meg garn og strikkepinnar på påskeferie, men eg fann fort ut at eg hadde teke med meg for små pinnar. Godt at det "alltid" er ein open garnbutikk i nærleiken.....


Mønster: Heartland av Elizabeth Freeman (gratismønster)
Garn: Alpakka glitter frå Norwegian spirit
Pinner: 5 mm 
Lenkje til Ravelry: Aeolian shawl

torsdag 21. april 2016

Favorittsjal!

Her er det sjalet eg brukar mest. Sjalet er sirkelrundt, og tok laaang tid å strikka. Utfordrande blondekant med forkorta rader og mønster både på rettside og vrangside.... Varmt og godt, og lett som ei sky. Det er alltid med i veska når eg er ute og reiser. Det er tynt nok til å ha rundt halsen, men stort nok til å ha som eit lite pledd over beina.





Mønster:  "Hilda" frå boka Lacy knits av Alison Crowther-Smith
Garn: Kidsilk Haze frå Rowan, farge Heavenly. Eg brukte 104 gram
Pinner: 4.5 mm
Lenkje til RavelryHilda