Translate

mandag 25. april 2016

Glitter og stas - Heartland sjal



Eg fekk noko garn til jul. Mjuk og god alpakka med glitter! For få nøster til ein genser eller lignande, men nok til eit sjal (trudde eg). Garnet var noko tjukkare enn eg pleiar å bruke til sjal, men det var fint likevel synest eg! Eg tok med meg garn og strikkepinnar på påskeferie, men eg fann fort ut at eg hadde teke med meg for små pinnar. Godt at det "alltid" er ein open garnbutikk i nærleiken.....


Mønster: Heartland av Elizabeth Freeman (gratismønster)
Garn: Alpakka glitter frå Norwegian spirit
Pinner: 5 mm 
Lenkje til Ravelry: Aeolian shawl

torsdag 21. april 2016

Favorittsjal!

Her er det sjalet eg brukar mest. Sjalet er sirkelrundt, og tok laaang tid å strikka. Utfordrande blondekant med forkorta rader og mønster både på rettside og vrangside.... Varmt og godt, og lett som ei sky. Det er alltid med i veska når eg er ute og reiser. Det er tynt nok til å ha rundt halsen, men stort nok til å ha som eit lite pledd over beina.





Mønster:  "Hilda" frå boka Lacy knits av Alison Crowther-Smith
Garn: Kidsilk Haze frå Rowan, farge Heavenly. Eg brukte 104 gram
Pinner: 4.5 mm
Lenkje til RavelryHilda

fredag 15. april 2016

Lukka er.....

.... ha små nevøar og nieser å strikka til! Nokon har snart geburtsdag ;-)


torsdag 7. april 2016

Aeolian sjal

Strikkar du ikkje Gro? Joda, heile tida.... det er berre blogginga eg ikkje har vore så ivrig på!

Eg var ute på langtur for nokre veker sidan. Lange flyturar egnar seg godt til strikking av tynne blondesjal. 100 gram garn held leeenge, og det tek ikkje noko særs plass i veska. Takk og lov for at det er lov å ta med strikkepinnar på fly!

Eg har strikka to ekstra repetisjonar av det midterste mønsteret for å få sjalet litt større. Eg gjekk tom for det rosa garnet, så eg brukte ein rest av noko kvitt til dei siste omgangane. Vart ikkje så verst trur eg.

Om eg skulle gjort noko annleis, hadde det vore å strikka med spissare pinnar. Om du ser godt etter, ser du at det er små kuler eller nuppar fleire stader på sjalet, og det var litt vanskelig å strikka desse med gamle strikkepinnar som er butte etter mykje bruk.





Mønster: Aeolian shawl av Elizabeth Freeman (gratismønster)
Garn: Silk mohair frå Sandesgarn
Pinner: 4 mm 
Lenkje til Ravelry: Aeolian shawl