Translate

fredag 13. januar 2017

Eg er her....



...men det har blitt lite blogging i haust. Når eg tenkjer meg om har det blitt lite strikking og. Eg var optimistisk og meldte meg på ein strikke-adventskalender før jul. Eg var sein å bestemma meg for garn, så eg var ikkje klar til 1. desember. Eg er enno ikkje ferdig, men no er eg i allefall ferdig med bolen og har starta på eit erme. Garnet er Holst supersoft i fargane Silver Grey og Plum. Billig garn frå Danmark som eg ikkje har prøvd før.