Translate

torsdag 25. august 2016

Alt for korpset!

Eg strikkar ein del til skulekorpset. Ikkje fordi musikantane frys, men for å selje på julemesser og andre messer som me deltek på. Dette er mykje kjekkare dugnadsarbeid enn sal av lodd eller dopapir..... Me møtes av og til for felles innsats, men mykje vert strikka, sydd og laga heime av den enkelte. Om du vil sjå kva me produserer i haust, kan du gå inn på instagramkontoen vår. 

I dag skulle eg på jobbreise. Eg hadde ei halvstrikka hue heime, men eg har rekkeviddeangst. Eg er levande redd for å ikkje ha med meg nok garn når eg er ute og reiser. Dessutan var mønsteret i ei tung bok.... Eg har sagt det før, men seier det igjen; sjal er perfekt reisestrikk!





Mønster: Ladylike frå Dropsdesign (gratismønster)
Garn: Garn med glitter frå posesalg hos Sandnes garn (strikker med dobbel tråd)
Pinner: 5 mm 
Lenkje til Ravelry: Ladylike

mandag 8. august 2016

Rheinlust

Tidlegare i sommar vart eg med på å samstrikke sjalet Rheinlust. Eg strikkar stort sett aleine, men av og til deltek eg på slike samstrikk (knitalong) på internett, og det er svært kjekt. 

NB! Svartkvitt bilete, rett farge på bileta under

Sjalet var litt utfordrande å strikka i byrjinga. Det skal strikkast mønster både på rett- og vrangsida, så det gjeld å følgja med. Dei aller fleste trekantsjal eg har strikka til no vert strikka frå spissen og opp eller "frå halsen" og ned. Dette var litt anleis, og skulle strikkast på tvers, frå tupp til tupp.

Eg er veldig nøgd med det ferdige sjalet. Mønsteret gjer at det er hipp som happ kva side som vender ut, og det er mjukt og lett. Oppskrifta sa at eg trong 5 hesper, men antall meter stemde godt med 4, så eg hadde is i magen og bestilte 4.....det gjekk godt, men eg har to hesper ekstra som eg bestilte ein kveld eg såg litt mørkt på om eg hadde nok garn....




Mønster: Rheinlust av Melanie Berg (engelsk mønster) 
Garn: 4 hesper Manx Merino Fine frå Rosy Green Wool kjøpt hos Ninapetrina, farge 201 Devon
Pinner: 3,5 mm  
Lenkje til Ravelry: Rheinlust