Translate

søndag 30. januar 2011

Knit.Sock.Love. Hedera

Sokkestrikking er kjekt. Spesielt når det er beste-sokkar. Støvle-sokkar er ikkje det kjekkaste i verda, men når sokkane vert så fine som desse, då er det kjekt. Mønsteret er henta frå ei bok som heiter Knit.Sock.Love og er skreve av ei dame som heiter CookieA. Boka er bestilt frå ein nettbutikk i USA.

Fine mønster som er lette å fylgje slik som Hedera, men og mønstre som krev litt meir konsentrasjon.


Blondestrikken gjer at sokken sit godt rundt ankelen utan å vere stram. Sokken er strikka "Small" og passar til ein fot som er storleik 35-36.


Tuppen på tåa er sydd saman med maskesting eller Kitcheners stitch som det heiter på engelsk.

Mønster: Hedera frå boka Knit.Sock.Love av CookieA. Link til gratismønster her
Garn: Drops alpakka, omlag 70 gram
Pinne: 2,5 mm

tirsdag 25. januar 2011

Kiri

Kiri er eit greitt sjal å byrje med om du ikkje har strikka sjal før. Ein byrjar "i nakken" med få masker og aukar utover på ein slik måte at ein endar opp med ein trekant. Sjalet er strikka på pinne nr. 5, så det går fort framover. Eg er ikkje sikker på om eg likte garnet noko særleg. Det var rett nok tynt og fint å sjå til, men litt for mykje "ulldottar" innimellom. Det kom seg noko då det vart blokka. Eg har strikka same sjalet i Kid-silk ein gong før, og det vart eit mykje meir delikat sjal.





Mønster: Kiri
Garn: Drops Vivaldi
Pinner: 5mm

lørdag 22. januar 2011

Royalt svøb.....

Eg byrjar like greitt litt pompøst med eit royalt svøb som det så fint heiter (det høyres ikkje like flott ut med babyteppe......). Teppet såg eg første gang utstilt hos Sommerfuglen i København før jul. Dei hadde garn og mønster til sals, men koffert og vesker var fulle, så eg kjøpte det ikkje. Svøbet, eller teppet om du vil, er det same som kronprinsesse Mary av Danmark har til sine små tvillingar. Heldigvis fann eg mønsteret på internet! Mønsteret er heilt genialt. Enkelt å strikka og lite å montera.

Teppet er strikka til ei heilt ny, vakker lita jente som har fått namnet Martha.





Mønster: Marys royale svøb
Garn: Drops alpakka