Translate

onsdag 25. september 2013

Prinseteppet

Eg fekk ein flott liten nevø i mai. Eg har strikka prinseteppet eller "Det royale svøb" ein gong før, og det er i grunnen eit kjekt teppe å strikka. Det er lettare å strikka enn det ser ut, så om du kan kast og to masker saman, så er du komen langt! Midtstykket er strikka på diagonalen, men kast i kvar ende. Kasta dannar små løkkjer som ein plukkar opp når kantane skal strikkast. Alt er godt forklart i oppskrifta. Dei fleste teppa eg har sett av dette er kvite, men eg tenkte at om det skulle tåle å bli brukt, så er ikkje kvitt så veldig praktisk...





Mønster: Marys Royale Svøb
Garn: Viking of Norway baby ull, omlag 800 gram
Pinner: 4 mm 
Lenkje til Ravelry: Prinseteppet

onsdag 11. september 2013

Bunad!

Me har konfirmant i huset til våren, og kven seier at det berre er jentene som skal ha bunad? Sidan gutar på 15 år veks mykje etter konfirmasjonsalder, fekk eg råd om at vest og jakke burde vente. Hadde eg vore ein meister på symaskin, så kanskje..... No vert det ein variant av Fanabunad som passar godt både til lommebok og ei strikkeglad mor. Husfliden i Bergen hadde forresten denne varianten i utstillinga si då eg var innom i sommar. I staden for vest og jakke vert det kvit Fanatrøye som eg har strikka ein gong tidligare, eg trur eg sa at eg ALDRI skulle gjere det att... Bukseselane som ein på ein vanleg bunad ikkje ser, skal brukast oppå jakken. Må vel snart byrja og strikke på jakken, for den tek tid (biletet under er den første jakken eg strikka)! Godt eg ikkje vert arbeidslaus med det første..... 



Ps. Konfirmanten sjølv ville gjerne ha bunad, så dette er ikkje noko mora har bestemt aleine...

fredag 14. juni 2013

Swallowtail - eit sjal

Det er kjekt å strikke sjal. Ikkje er det vanskeleg heller når ein berre har funne ut av korleis ein startar. Eg synest det er viktig å ha mjukt garn når ein strikkar sjal. Ingenting er verre en sjal som klør! 

Sjalet swallowtail var kjekt å strikka, men det vart mindre enn eg hadde trudd. Nest ytst er det ei bord som skal sjå ut som liljekonvall. Litt plukk å strikka kulene, men det gjekk med litt plunder og heft.Mønsteret er forresten gratis :-)






Mønster: Swallowtail
Garn: Sky frå Du store alpakka
Pinner: 4 mm
Lenkje til Ravelry:Swallowtail



mandag 25. mars 2013

Meir glittersokkar. Sake


Dette er sokkane "Sake" frå boka Knit.Sock.Love. Mønsteret skal visst vera inspirert av mønsteret i laks. Jaja, ikkje sikker på om laks var det første eg tenkte på. Mykje fletter og styr, men kjekke å strikka. Oppskrifta hadde berre ein storleik, og sidan eg strikkar ganske fast, vart det jentesokkar denne gongen og ikkje sokkar til mor. Kjekke sokkar å strikka for dei som likar å sitje med nasen ned i eit mønster (som meg sjølv....). Garnet er glittergarn frå I knit London, men det var ikkje så lett å få fram på bileta.
 

 

 
Mønster: Sake frå boka Knit.Sock.Love
Garn: Ziggy stardust frå I knit or dye
Pinner: 2.5 mm
Lenkje til Ravelry: Sake

fredag 22. mars 2013

Liten vest

Vestar er kjekke barnehageklede. Ikkje for varme og ikkje for kalde, i alle fall når dei er mjuke og passe tjukke. Sjalkragen var grei å strikka når eg berre gjorde slik som det sto i oppskrifta (og ikkje slik eg trudde at det sto)..... Det er brukt forkorta rader, noko som gjer at kragen brettar seg fint og ikkje ligg som ei pølse rundt halsen!

Vesten er strikka i storleik 4 år, men fordi eg strikkar litt fast, så passa den til ein fin, stor gut på 1,5 år.

Garnet var mjukt og godt og er ei blanding av alpakka og silke. Skikkelig luksus, men garantert kløfritt!










Mønster: Vest med sjalkrage frå heftet Sandnes Mix 0910 Barn
Garn:  Lornas Laces Honor i fargen denim
Pinner: 3.5 og 4 mm

Lenkje til Ravelry: Vest med sjalkrage

søndag 27. januar 2013

Glitter og stas!

Eg var i London i mai, og der andre kjøper nøkkelringar og t-skjorter, kjøper eg souvenirgarn. Eg var innom I knit London, ein liten garnbutikk rett bak Westminster stasjon. Butikken hadde ikkje opna, men eg fekk koma inn likavel. Super service :-) Eg kjøpte med meg sokkegarn med glitter i som eg trur vert farga i butikken sine lokaler. Garnet er frå I knit or dye og heiter Ziggy stardust. Stilig namn og godt garn!

Garnet vart til enda eit par sokkar frå boka Knit.Sock.Love, denne gongen Marilinda.







 
Mønster: Marilinda frå boka Knit.Sock.Love
Garn: Ziggy stardust frå I knit or dye
Pinner: 2.5 mm
Lenkje til Ravelry: Marilinda

mandag 21. januar 2013

Vaffelhue

Pickles si vaffelhue er visst eigentleg til damer, men med blått garn, så vart den fin til mannen min og. Fort gjort å strikke, berre pass på å ikkje surra tråden for mykje når du lagar surringane. Eigentleg ikkje så mykje å sei om hua bortsett frå at ho i følgje brukaren er god og varm.



Mønster: Vaffelhue
Pinner: 5 mm
Lenkje til Ravelry: Vaffelhue