Translate

onsdag 25. september 2013

Prinseteppet

Eg fekk ein flott liten nevø i mai. Eg har strikka prinseteppet eller "Det royale svøb" ein gong før, og det er i grunnen eit kjekt teppe å strikka. Det er lettare å strikka enn det ser ut, så om du kan kast og to masker saman, så er du komen langt! Midtstykket er strikka på diagonalen, men kast i kvar ende. Kasta dannar små løkkjer som ein plukkar opp når kantane skal strikkast. Alt er godt forklart i oppskrifta. Dei fleste teppa eg har sett av dette er kvite, men eg tenkte at om det skulle tåle å bli brukt, så er ikkje kvitt så veldig praktisk...





Mønster: Marys Royale Svøb
Garn: Viking of Norway baby ull, omlag 800 gram
Pinner: 4 mm 
Lenkje til Ravelry: Prinseteppet

onsdag 11. september 2013

Bunad!

Me har konfirmant i huset til våren, og kven seier at det berre er jentene som skal ha bunad? Sidan gutar på 15 år veks mykje etter konfirmasjonsalder, fekk eg råd om at vest og jakke burde vente. Hadde eg vore ein meister på symaskin, så kanskje..... No vert det ein variant av Fanabunad som passar godt både til lommebok og ei strikkeglad mor. Husfliden i Bergen hadde forresten denne varianten i utstillinga si då eg var innom i sommar. I staden for vest og jakke vert det kvit Fanatrøye som eg har strikka ein gong tidligare, eg trur eg sa at eg ALDRI skulle gjere det att... Bukseselane som ein på ein vanleg bunad ikkje ser, skal brukast oppå jakken. Må vel snart byrja og strikke på jakken, for den tek tid (biletet under er den første jakken eg strikka)! Godt eg ikkje vert arbeidslaus med det første..... 



Ps. Konfirmanten sjølv ville gjerne ha bunad, så dette er ikkje noko mora har bestemt aleine...