Translate

fredag 26. oktober 2012

Tjuesjutusensekshundreogåtti masker

Eg hadde bestemt meg for at eg ikkje skulle strikka Skappel-genseren. Ikkje fordi eg skal vera så veldig sær og ikkje strikka det same som alle andre, men fordi det er rillestrikk. MYKJE rillestrikk. Eg har strikka såpass mykje at eg veit kva som er kjekt og kva som er kjedelig. Men så kom ei av jentene mine og ville ha...... Eg veit ikkje heilt kva som skjedde, men plutselig hadde eg kjøpt garn og lagt opp.... Genseren er ferdig, og blir mykje brukt, så eg skal ikkje klaga for mykje, men dette er noko av det KJEDELIGASTE eg har strikka på leeeeeenge. Honnør til Skappel-damene som har klart å få opp strikke-interessa rundt om i landet!

Ikkje så mykje å sei om genseren i grunnen. Eg har strikka i litt tynnare tråd for at den skulle passe til ei som er akkurat passe til å vere 10 år, men elles lagt opp masker etter oppskrifta. 

Eg har rekna. Det er 27680 masker + vrangbord og auke i armane, totalt 27700 og noko. I tilfelle du lurte. Eg kjem ikkje til å strikke fleire.



Mønster: Skappel-genseren
Garn:  Drops alpaca og noko kid-silk greier
Pinner: 7 mm
Lenkje til Ravelry: Skappel-genseren

tirsdag 11. september 2012

Pointelle


Enno eit par sokkar frå Knit.Sock.Love. Skulle tru eg er lei av å strikke sokkar no, men med så kjekke oppskrifter, kjem eg nok ikkje til å gje meg før alle sokkane i boka er strikka.

Upraktisk med kvite sokkar? Ja, det er det sikkert, men fint vart det....

Mønster: Pointelle frå boka Knit.Sock.Love
Garn:  Cash sock frå Gepard
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til Ravelry: Pointelle

mandag 27. august 2012

Clandestine

Sokken Clandestine er strikka i garn eg vann i ein konkurranse på Ravelry. Om du ikkje har brukar der, så få deg ein med ein gong. Mi tidsrekning når det gjeld strikking er delt inn i før- og etter Ravelry. Alle dei oppskrifter ein kan tenkje seg, og det meste av dei er heilt gratis!

Garnet til Clandestine er handfarga av Sun Valley Fibers som held til i Wisconsin. Når garnet i tillegg til å vera handfarga er laga av merino og kasjmir, då er det rett og slett skikkelig luksus!

Mønsteret er ikkje så vanskelig som det ser ut, det vanskeligaste var å få "snurringane" passe stramme.

Forsterka hæl

Tåa er sydd saman med maskesting (Kitchener stitch) som gjer ein usynleg saum.


Mønster: Clandestine frå boka Knit Sock Love
Garn:  Sun Valley Fibers MCN Worsted, farge Cranberry
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til Ravelry: Clandestine


mandag 20. august 2012

Vest til Anton

Jammen lenge sidan sist, men no er eg her! Våren og sommaren vart full av skuleavslutningar, korpsturar, fotballkampar, jobbsamling, offshoreturar, sommarferie og mykje anna, så då kom blogging litt i siste rekkje. Men strikka har eg, både i tide og utide!
For å gjera ting litt bakvendt, så kjem det eg vart sist ferdig med først. Mamma kjøpte noko Baby Merino frå Drops på ein bytur, og sa eg kunne laga noko fint av det til ein av smågutane eg er tante til. 100 gram er pittelitt lite til ein genser til ein knabben unge på nesten eit år, så eg tenkte at ein vest sikkert er fint. Gratisoppskrift frå Drops design er og fint. Knappane var dyrare enn garnet, men du og du så fine! Dei er laga av Snella og Petronella. Superfine! Ryktet seier at vesten vart litt knapp over magen.


Garn: Drops Baby Merino, omlag 75 gram
Pinner: 2,5 mm til brot og 3mm til resten
Lenkje til Ravelry: Vest til Anton
Storleik: 12-18 mnd.





tirsdag 20. mars 2012

Stalagmitt-sokkar

Dette er sokkane Stalagmitt (eller Stalagmite som dei heiter på engelsk). Eg klarar ikkje heilt å sjå samanhengen mellom steinar som veks opp av bakken og desse sokkane, men pytt sann... Mønsteret på sokken vert repetert fire gonger, og for dei som er kjapp i å rekne i hovudet, så vert det ein mønterrapport pr. strikkepinne om ein brukar strømpepinn. Lett å halde orden på med andre ord. Eg TRUR eg har strikka ei mønsterhøgd for mykje på sokkeskaftet, men det er ikkje så farlig. Ikkje alltid eg les mønsteret for godt ;-) Eg brukte Cash sock denne gongen og. Utrulig mjukt og godt, men me får no sjå kor holdbart det er...


Bileta er tekne på den flotte Hellestøstranda, med ein lett oppgitt son som modell (mamma, har du med deg sokkar i veska???)

Det er forresten skilnad på høgre og venstre sokk, men det kom ikkje så godt fram på desse bileta.





Mønster: Stalagmite frå boka Knit Sock Love
Garn:  Gepard Garn Cash Sock
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til Ravelry: Stalagmite

tirsdag 13. mars 2012

Snurresokkane Gothic Spire

Å du og du, desse vart mjuke! Sokkegarn av kasjmir er deilig luksus! Fine vart dei og synest eg. For meg som brukar strømpepinnar når eg strikkar og ikkje den meir nymotens "magic loop" så vart det litt mykje strikkepinnar. Snurringane er laga med å ta fire masker på hjelpepinn framfør arbeidet, snurra garnet rundt desse maskene og strikka vidare. Fin effekt, men litt styr. Det vart litt sånn vaffelsaum av det, og eg kan godt tenka meg at dette er ein teknikk som kan passa bra på ein jakke til ei småjente.



Tå utan snurping og synleg saum er det finaste synest eg. Ikkje vanskelig å få til, og det finnast mange videoar på YouTube som forklarar korleis ein gjer det. Søk på Kitchener stitch, så får du opp mange ulike treff. Eg har funne ut at åtte masker på oppsida og åtte masker på undersida er passe til min fot.

Mønster: Gothic Spire frå boka Knit Sock Love
Garn:  Gepard Garn Cash Sock
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til Ravelry: Gothic Spire

onsdag 7. mars 2012

Fiskehaler!

Det var litt i kaldaste laget for ein frysepinn som meg på jobb i vinter, så då måtte det strikkast litt varmt tilbehør. Pulsvarmarar er perfekt kontortilbehør, og er fort gjort å strikka. Pass berre på at garnet er MJUKT, for det klør lett når huda er så tynn. Eg har brukt alpakka frå Dale.



Mønster: Fishtail wristwarmer. Gratismønster på Ravelry :-)
Garn: Royal alpakka frå Dale garn i fargen 0062 
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til Ravelry: Fiskehaler

mandag 27. februar 2012

Sukkertøysokkar i januar - Cusp

Eg vann ei hespe garn i ein konkurranse på Ravelry. Hurra! Garnet er frå ein garnbutikk i California (!) som heiter Barking Dog Yarns.

Fargen heiter Lyrical og er ein skikkelig sukkertøyfarge. Passar i grunnen bra til ei jente på 8 år. Garnet er mjukt og godt og 100% merinoull.  



Mønsteret er ikkje av det mest avanserte, men det har ein flott effekt der det snor seg rundt foten.

Mønster: Cusp frå boka Knit Sock Love
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til Ravelry: Cusp

fredag 24. februar 2012

Medlem av Strikkeblogger.no!

Då har eg høgtideleg blitt medlem av Strikkeblogger.no! Hurra!

Strikkeblogger

Jammen kjekt å kunne menge seg med slike flinke bloggarar!

mandag 16. januar 2012

Gutesokkar frå september - In and out

Sokkane kjem visst i feil rekkefølgje (eller i alle fall ikkje i den rekkefølgjen eg strikka dei i), men det får stå sin prøve.

Mykje rare uskrevne reglar som finst. Ei av reglane er at gutar ikkje kan ha sokkar med kast (hol) fordi det er å rekne som blonde og tøffe gutar brukar ikkje blonder. Jaja. Eg fann ut at dette garnet var så maskulint, i den grad garn kan reknast som maskulint, at eit kast eller mange burde gå bra. Eg synest ikkje at sokkane vart jentete i det heile tatt, og guten går med dei utan eit knyst. Varme er dei visst og!

Sjølvstripete garn kan bli litt masete av og til, men dette var ikkje så verst.

Høgre og venstre sokk er speilvendte (men det såg du vel...)





Mønster: In and Out frå boka Knit Sock Love
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til Ravelry: In and Out

søndag 15. januar 2012

Knesokkar i oktober - Lissajous

Månadens sokkar i oktober var laaaaaange knesokkar. Kile bak og mykje fletting gjorde sitt til at det var nok å passa på. Eg gjorde litt feil, så ribbestrikken bak skulle vore glattstrikk. Eg er likevel fornøyd med feilen, for den gjer at sokken sit betre på foten. Ikkje heilt lett å strikke flettemønsteret på hælen på vranga, men det gjekk no det og. Sokkane kan og strikkast korte om ein ikkje er av dei som brukar knesokkar.

Sokkane vart julepresang til mamma :-)





Mønster: Lissajous frå boka Knit Sock Love
Garn: Sisu frå Sandnes garn 
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til Ravelry: Lissajous