Translate

mandag 2. mai 2011

Ferdig! Kvit Fanatrøye

Ikkje akkurat noko svennestykke, men det kjennes litt sånn... Eg har brukt ein evighet (det vil seie 10 månader), og eg har strikka og strikka og strikka!

Den kvite Fanatrøya er i grunnen finare enn den stripete kvardagstrøya synest eg. Meininga er at den skal brukast til best, og på søndagen.

 Nokre fakta:
  • Så mykje rillestrikk er ikkje spesielt spennande...
  • Å strikke med pinne nr. 2,5 mm skulle berre vore lov til babykle og sokkar!
  • Handsydde belegg er ikkje det kjekkaste eg veit, men du og du kor fint det vart!
  • Eg kjem ikkje til å strikke ei slik trøye ein gong til trur eg.

    Initialane til eigaren bak i nakken. Knappehola er kanta med raudt og med gult til regels. Knappane heiter "Holbergknappen" og er den same som vert brukt i Fanabunaden. Kva veg knappinga skulle vere var visst ikkje så viktig, herreknapping er visst ein nymotens ting!
    Detalj av mansjetten på armen.
Knappane er festa på gamlemåten med skinnreim. Eg stakk hol til knappen med ei stoppenål før eg pressa den gjennom belegget og festa den i skinnreima.
    Mykje "putlearbeid" med belegget. Alt er sydd for hand for å ikkje vise på framsida. Belegget er krympa i maskin på førehand.


Detalj frå framstykket. Diamantar nederst og skakkareiker øverst. Flotte namn!

Ingen tvil om kven som eig trøya!

Sånn. Godt å vere ferdig. Eg håpar eigaren vert nøgd!

Eg tek forresten ikkje imot bestilling.....

Mønster:  Hvit Fanatrøye frå boka Fanatrøyer
Garn: Rauma Gammelserie, bleika. Eg gløymde å vege den, så eg veit ikkje kor mykje garn som gjekk med.
Pinner: 2,5 mm

10 kommentarer:

  1. Den blei kjempefin Gro !!! :) Hege

    SvarSlett
  2. Fantastisk!! Meget godt bestått Gro!

    SvarSlett
  3. Så fin! Det enkla är oftast det finaste. har boken som Solveig Hisdal gjort om Fanatröjor och jag tycker mycket om de vita.

    SvarSlett
  4. Så fin
    En riktig giftaskofta.
    Gillar broderiet i nacken.
    Eva

    SvarSlett
  5. Wow, så fin den var! Og så mye arbeid som ligger i den. Visste ikke at det fantes en slik versjon av Fanatrøya, men kjekt å se noe nytt (gammelt) også :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Elisabeth! Eg fann versjonen i boka Fanatrøyer, men eg har sett dei kvite i eit bunadsleksikon og. Mykje arbeid ja, så husfliden i Bergen sa at dei ikkje fekk nokon til å strikka slike på bestilling. Er litt lysten på å strikke ei til, men ikkje heilt enno (det er så mange fine border å velja mellom,,,,,)!

      Slett
  6. Dette var sjelden lesing :) fin ble den :)

    SvarSlett
  7. For et imponerende arbeid! Resultatet ble nydelig.

    SvarSlett
  8. Nydeleg jakke. Eg har lyst å strikka ei slik til ein liten gut. Det finnes vel ikkje mønster, men kan bruka inspirasjon og border frå boka du har brukt.

    SvarSlett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.