Translate

fredag 26. oktober 2012

Tjuesjutusensekshundreogåtti masker

Eg hadde bestemt meg for at eg ikkje skulle strikka Skappel-genseren. Ikkje fordi eg skal vera så veldig sær og ikkje strikka det same som alle andre, men fordi det er rillestrikk. MYKJE rillestrikk. Eg har strikka såpass mykje at eg veit kva som er kjekt og kva som er kjedelig. Men så kom ei av jentene mine og ville ha...... Eg veit ikkje heilt kva som skjedde, men plutselig hadde eg kjøpt garn og lagt opp.... Genseren er ferdig, og blir mykje brukt, så eg skal ikkje klaga for mykje, men dette er noko av det KJEDELIGASTE eg har strikka på leeeeeenge. Honnør til Skappel-damene som har klart å få opp strikke-interessa rundt om i landet!

Ikkje så mykje å sei om genseren i grunnen. Eg har strikka i litt tynnare tråd for at den skulle passe til ei som er akkurat passe til å vere 10 år, men elles lagt opp masker etter oppskrifta. 

Eg har rekna. Det er 27680 masker + vrangbord og auke i armane, totalt 27700 og noko. I tilfelle du lurte. Eg kjem ikkje til å strikke fleire.



Mønster: Skappel-genseren
Garn:  Drops alpaca og noko kid-silk greier
Pinner: 7 mm
Lenkje til Ravelry: Skappel-genseren

9 kommentarer:

  1. He,he.. det er mange det... jeg har ikke strikket den enda..tenkte kanskje jeg skulle det, men når du sier det på den måten må jeg tenke litt mer på det..

    Men resultatet var jo bare lekkert da!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Den har blitt mykje brukt heldigvis!

      Slett
  2. I've been knitting them in reverse stocking stitch, and it looks better - as like you, I hate garter stitch!

    I've just bought some yarn in pink and having seen this pretty version, I'm glad I did - your little girl looks so sweet in it!

    Klem!

    Mxx

    SvarSlett
  3. Genseren er kjempefin, så på tross av mange masker ( den er jo lett å strikke) du strikker sikkert en til når du først har begynt. Ha en kreativ helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Eg måtte ha litt andre ting å strikka på innimellom, for eg vart så utrulig lei... Men den vart bra til slutt!

      Slett
  4. Veldig fin genser og så mange flotte sokker du har strikket. Har lagt deg til på bloggen min og du er velkommen til å følge min :)
    Hilsen Beth

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for kjekk kommentar. Har litt dilla på sokkar, så det kjem nok fleire.....

      Slett
  5. Kjempe fin ble den! Men, jeg er heeeeelt enig med deg! :)

    SvarSlett