Translate

mandag 25. mars 2013

Meir glittersokkar. Sake


Dette er sokkane "Sake" frå boka Knit.Sock.Love. Mønsteret skal visst vera inspirert av mønsteret i laks. Jaja, ikkje sikker på om laks var det første eg tenkte på. Mykje fletter og styr, men kjekke å strikka. Oppskrifta hadde berre ein storleik, og sidan eg strikkar ganske fast, vart det jentesokkar denne gongen og ikkje sokkar til mor. Kjekke sokkar å strikka for dei som likar å sitje med nasen ned i eit mønster (som meg sjølv....). Garnet er glittergarn frå I knit London, men det var ikkje så lett å få fram på bileta.
 

 

 
Mønster: Sake frå boka Knit.Sock.Love
Garn: Ziggy stardust frå I knit or dye
Pinner: 2.5 mm
Lenkje til Ravelry: Sake

4 kommentarer:

  1. Disse var virkelig griselekre. Fikk skikkelig lyst til å prøve.

    Riktig god påske til deg!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Dei er ikkje så vanskelige å strikka, ein må berre følgje godt med på mønsteret. God påske til deg og!

      Slett
  2. Fantastisk lekre sokker. Her har du virkelig gjort en stor jobb!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Boka som mønsteret er henta frå kan verkeleg anbefalast. Manglar berre eitt par før eg har strikka alle....

      Slett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.