Translate

onsdag 11. september 2013

Bunad!

Me har konfirmant i huset til våren, og kven seier at det berre er jentene som skal ha bunad? Sidan gutar på 15 år veks mykje etter konfirmasjonsalder, fekk eg råd om at vest og jakke burde vente. Hadde eg vore ein meister på symaskin, så kanskje..... No vert det ein variant av Fanabunad som passar godt både til lommebok og ei strikkeglad mor. Husfliden i Bergen hadde forresten denne varianten i utstillinga si då eg var innom i sommar. I staden for vest og jakke vert det kvit Fanatrøye som eg har strikka ein gong tidligare, eg trur eg sa at eg ALDRI skulle gjere det att... Bukseselane som ein på ein vanleg bunad ikkje ser, skal brukast oppå jakken. Må vel snart byrja og strikke på jakken, for den tek tid (biletet under er den første jakken eg strikka)! Godt eg ikkje vert arbeidslaus med det første..... 



Ps. Konfirmanten sjølv ville gjerne ha bunad, så dette er ikkje noko mora har bestemt aleine...

2 kommentarer:

  1. Jeg har beundret den hvite fanakofta di så mye at jeg til og med kjøpte boken fanatrøyer. Har i bakhodet at jeg skal strikke en sånn en gang. Utrolig imponert over at du strikker en til.

    Og jeg tror guttene dine blir de fineste konfirmantene rett og slett, med de bukseselene.

    Selv så broderer jeg krage til breltestakk om dagen. Artig med litt avveksling til strikkingen av og til også :-)

    Lykke til med arbeidet !

    SvarSlett
    Svar
    1. Han vert nok staseleg (heilt objektivt sett...). Det var i grunnen kjekt å brodere litt igjen! Er i grunnen litt sjokkert over meg sjølv som frivillig går i gang ein gong til.....

      Slett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.