Eg fekk ein flott liten nevø i mai. Eg har strikka prinseteppet eller "Det royale svøb" ein gong før, og det er i grunnen eit kjekt teppe å strikka. Det er lettare å strikka enn det ser ut, så om du kan kast og to masker saman, så er du komen langt! Midtstykket er strikka på diagonalen, men kast i kvar ende. Kasta dannar små løkkjer som ein plukkar opp når kantane skal strikkast. Alt er godt forklart i oppskrifta. Dei fleste teppa eg har sett av dette er kvite, men eg tenkte at om det skulle tåle å bli brukt, så er ikkje kvitt så veldig praktisk...
Mønster: Marys Royale Svøb
Garn: Viking of Norway baby ull, omlag 800 gram
Pinner: 4 mm
Lenkje til Ravelry: Prinseteppet
Nydelig! Det er en favoritt blant babytepper, og det skjønner jeg godt! Lur farge. Heldige nevø.
SvarSlettTusen takk Monstermønster-Merete!
SlettNydelig, her kan du være stolt :)
SvarSlettDu e så flink!!!! Nydelig.
SvarSlett