Tidlegare i sommar vart eg med på å samstrikke sjalet Rheinlust. Eg strikkar stort sett aleine, men av og til deltek eg på slike samstrikk (knitalong) på internett, og det er svært kjekt.
Sjalet var litt utfordrande å strikka i byrjinga. Det skal strikkast mønster både på rett- og vrangsida, så det gjeld å følgja med. Dei aller fleste trekantsjal eg har strikka til no vert strikka frå spissen og opp eller "frå halsen" og ned. Dette var litt anleis, og skulle strikkast på tvers, frå tupp til tupp.
Eg er veldig nøgd med det ferdige sjalet. Mønsteret gjer at det er hipp som happ kva side som vender ut, og det er mjukt og lett. Oppskrifta sa at eg trong 5 hesper, men antall meter stemde godt med 4, så eg hadde is i magen og bestilte 4.....det gjekk godt, men eg har to hesper ekstra som eg bestilte ein kveld eg såg litt mørkt på om eg hadde nok garn....
![]() |
NB! Svartkvitt bilete, rett farge på bileta under |

Mønster: Rheinlust av Melanie Berg (engelsk mønster)
Garn: 4 hesper Manx Merino Fine frå Rosy Green Wool kjøpt hos Ninapetrina, farge 201 Devon
Pinner: 3,5 mm
Lenkje til Ravelry: Rheinlust
Rett og slett nydelige og vakkert! Fikk lyst til å kaste det på pinnene med en gang! Mønsteret kler også veldig godt fargen du har valgt.
SvarSlettDet var da utrolig vakkert. Dette har gått meg hus forbi. Må inn på Ravelry og titte!
SvarSlettTakk for hyggelig kommentar på bloggen min!