Translate

tirsdag 20. september 2011

Laminaria

Sjal er i grunnen kjekke å strikka. Dette er ein klassikar på nettsamfunnet Ravelry, så i tillegg til meg så er det minst 2304 andre som har strikka det same sjalet. Mønsteret finn du gratis hos Knitty. Det er mønster på både eit lite tørkle og eit større sjal, men det er lett å leggje til rapportar slik at sjalet vert enda større. Sjalet er strikka frå midt i nakken og ut.






Stjerner!

Ser du godt etter, kan du sjå at det er blomar!

Blondekant ytterst

Mønster:  Laminaria
Garn: Lace frå Drops, brukte ca 40 gram
Pinner: 3,5 mm trur eg.....
Lenkje til RavelryLaminaria


lørdag 17. september 2011

Julisokkane BFF

Julisokkane vart strikka i full fart. Heilt ordinært flettemønster som var lett å hugse gjorde at sokkane vart ferdige på eit blunk. Fint sokkegarn i flotte fargar gjer sokkane ein ekstra piff. Sokkane er strikka i størrelse S til ei stor småjente som har omlag størrelse 35 i sko.



Mønster:  BFF frå boka Knit. Sock. Love av Cookie A
Garn: Mini palett frå Sandnes garn
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til RavelryTwisted flower

søndag 11. september 2011

Mmmmmmmmmmmmjukt!

Av og til overraskar ektemannen stort. Som då han kom heim frå England med garn og strikkemønster til meg! Florlett luksusgarn frå Rowan laga av mohairgeit og silke. Geiter er ålreite dyr!

File:Bounce.JPG

Eg har strikka eit sjal av det lyseblå garnet (eg fekk raudt og). Sirkelrundt sjal med midtstykke i rillestrikk og blondekant ytterst. Dei to stykka skulle strikkast kvar for seg, men eg er ikkje så glad i å sy, så i staden for å fella av då eg var ferdig med midtstykket, la eg opp nok masker til blondekanten og strikka blonden fast i midtstykket ei maske for kvar omgang. Same teknikk er brukt på det royale svøb som eg har strikka før, og det er ein kjekk metode som gjer lite monteringsarbeid.


 Blonden var ikkje av dei enklaste. Det var litt vanskelig å "lesa" strikketøyet, så eg kunne ikkje leggja det frå meg midt i, eg måtte strikka til rad 1 eller 11 for å ha litt kontroll. Forkorta rader gjer at blonden formar seg akkurat passe langs det runde midtstykket. Ikkje noko fjernsynsstrikk med andre ord!!
 Sjalet er ganske stort, eg vil tippa i overkant av 1 meter.

Mønster:  Hilda frå boka Lacy knits av Alison Crowther-Smith
Garn: Kidsilk Haze frå Rowan, farge Heavenly. Eg brukte 104 gram
Pinner: 4.5 mm
Lenkje til RavelryHilda

mandag 22. august 2011

August sokkane - Twisted flower

Sommarferie har vore sommarferie frå datamaskin, men ikkje frå spøt! Juni sokkane er ikkje fotografert enno, og juli sokkane gløymde eg på ferie, så her kjem august sokkane først (dei andre kjem dei og....). Sokkane som heiter Twisted flower vart riktig så fine om eg får sei det sjølv! Det einaste dumme er at oppskrifta berre hadde ein storleik, og det var i alle fall ikkje min! Jaja, godt nøgd jente på 9 1/2 vart eigar av desse, omlag størrelse 35 eller noko slikt. Mønsteret ser verre ut enn det er.....

Forresten har eg lært meg å strikka fletter uten å bruka hjelpepinn. Mykje kjekt på YouTube!





Mønster:  Twisted flower frå boka Knit. Sock. Love av Cookie A
Garn: Sisu frå Sandnes garn
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til RavelryTwisted flower

fredag 17. juni 2011

Mai-sokkane Rhombus

Mai-sokkane gjekk fort å strikka. Kjekt geometrisk mønster som var lett å huska. Gjennomtenkte detaljar som at mønsteret på brotet fortsett nedover leggen, og frå leggen og nedover gjer sokkane ein ekstra piff. Mykje styr med mange pinnar når den eine flettinga skulle gjerast, så desse kunne nok med hell vore strikka med magic loop (men det har eg ikkje lært meg enno, så enn så lenge så er det strømpepinnar og hjelpepinnar som gjeld).

Sokkane er strikka i Lanett som truleg ikkje er spesielt godt eigna til sokkar, men det held vel ei stund før det går hol..... Mjuke vart dei i alle fall!







Mønster:  Rhombus frå boka Knit. Sock. Love av Cookie A
Garn: Lanett frå Sandnes garn
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til RavelryRhombus