Translate

søndag 13. februar 2011

Sokkar til far - Monkey

Eg har som mål å strikka eitt par sokkar i månaden i 2011. Det gjer eg saman med ein heil haug med andre på nettsamfunnet Ravelry. Det er på førehand bestemt kva sokkar ein skal strikke, og i februar er det Monkey som skal strikkast. Det er ikkje lov å leggje opp før den første i gjeldande månad, så no er det ei stund til eg kan byrje på neste par. Alle sokkane er henta frå boka Knit.Sock.Love av Cookie A.

Far i huset vart trekt ut som heldig (?) mottakar av eit par sokkar denne månaden.

Detalj av hæl

Magisk garn som skiftar farge! 


Mønster: Monkey Gratismønsteret i linken er i storleik S. Eg har strikka strl. L som er ein mønsterrapport større.
Garn: Zauberball frå Schoppel-Wolle, farge "Stone-wash"
Pinner: 2,5 mm

1 kommentar:

  1. SÅ fine de var og heldige han far...... Eg har påbegynt altfor mange prosjekter nå....men må nok få dei ferdige i løpet av februar...God morsdag! klem Ragnhild

    SvarSlett