Translate

søndag 11. september 2011

Mmmmmmmmmmmmjukt!

Av og til overraskar ektemannen stort. Som då han kom heim frå England med garn og strikkemønster til meg! Florlett luksusgarn frå Rowan laga av mohairgeit og silke. Geiter er ålreite dyr!

File:Bounce.JPG

Eg har strikka eit sjal av det lyseblå garnet (eg fekk raudt og). Sirkelrundt sjal med midtstykke i rillestrikk og blondekant ytterst. Dei to stykka skulle strikkast kvar for seg, men eg er ikkje så glad i å sy, så i staden for å fella av då eg var ferdig med midtstykket, la eg opp nok masker til blondekanten og strikka blonden fast i midtstykket ei maske for kvar omgang. Same teknikk er brukt på det royale svøb som eg har strikka før, og det er ein kjekk metode som gjer lite monteringsarbeid.


 Blonden var ikkje av dei enklaste. Det var litt vanskelig å "lesa" strikketøyet, så eg kunne ikkje leggja det frå meg midt i, eg måtte strikka til rad 1 eller 11 for å ha litt kontroll. Forkorta rader gjer at blonden formar seg akkurat passe langs det runde midtstykket. Ikkje noko fjernsynsstrikk med andre ord!!
 Sjalet er ganske stort, eg vil tippa i overkant av 1 meter.

Mønster:  Hilda frå boka Lacy knits av Alison Crowther-Smith
Garn: Kidsilk Haze frå Rowan, farge Heavenly. Eg brukte 104 gram
Pinner: 4.5 mm
Lenkje til RavelryHilda

5 kommentarer:

  1. Dette er det lekkreste sjalet jeg noen gang har sett.

    SvarSlett
  2. Kjekt med menner som imponerer...men DU deriomot er fantastisk...Dette sjalet var berre lekkert...imponert....klem Ragnhild

    SvarSlett
  3. Tusen takk begge to! De er snille :-)

    SvarSlett
  4. Sjalet ditt er vakkert, men du må ikke vise det sammen såååååååååå søte dyr! ;)
    (Jeg bare tuller, og mannen din er et funn - hold godt på ham!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Pinneguri! Ja, mannen min er et funn <3

      Slett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.