Translate

onsdag 27. april 2011

Mars i april

Enda eit par sokkar til samstrikkinga på Ravelry. Ikkje ein sokk som var lett å strikka. For mykje mønsterrapportar og forskyving av mønster kvar 4. omgang gjorde at det vart mykje å passa på. Ikkje brukte eg noko godt garn heller. Denne gong vart det sokkegarnet Silja frå Gjestal, og det er ikkje akkurat noko luksus..... Sokkane vart litt store, så dei skal snart sendast i posten til Tromsø.


Mønster:  Thelonious frå boka Knit. Sock. Love
Garn: Silja sokkegarn frå Gjestal
Pinner: 2,5 mm
Lenkje til RavelryThelonious

lørdag 26. mars 2011

Sokkar....

Sokkar i Smart garn (trur eg). Dei har lagt ei stund nesten ferdige. Er ikkje heilt nøgd med dei, men eg har ikkje tenkt å sei kva som er gale med dei.......... Varmar sikkert for det..



søndag 13. februar 2011

Sokkar til far - Monkey

Eg har som mål å strikka eitt par sokkar i månaden i 2011. Det gjer eg saman med ein heil haug med andre på nettsamfunnet Ravelry. Det er på førehand bestemt kva sokkar ein skal strikke, og i februar er det Monkey som skal strikkast. Det er ikkje lov å leggje opp før den første i gjeldande månad, så no er det ei stund til eg kan byrje på neste par. Alle sokkane er henta frå boka Knit.Sock.Love av Cookie A.

Far i huset vart trekt ut som heldig (?) mottakar av eit par sokkar denne månaden.

Detalj av hæl

Magisk garn som skiftar farge! 


Mønster: Monkey Gratismønsteret i linken er i storleik S. Eg har strikka strl. L som er ein mønsterrapport større.
Garn: Zauberball frå Schoppel-Wolle, farge "Stone-wash"
Pinner: 2,5 mm

søndag 6. februar 2011

Fanatrøye

No og då tek eg til med prosjekt som ser kjekke ut, men som viser seg å verte langdryge. Å strikke kvit Fanatrøye til ein vaksen mann på pinnenr. 2,5 mm tek tid og er vel kanskje ikkje det luraste eg har funne på. Eg har teke pause frå heile prosjektet ei stund no, for det er ikkje SÅ spennande å strikke rillestrikk fram og tilbake, fram og tilbake.....

Til no er begge framstykka, ryggen og 3/4 av eine armen ferdig. Det går på fram (trur eg). Husfliden i Bergen hadde ikkje slike trøyer for sal, for det var ingen som ville strikka dei. Det skal du få meg til å tru. MEN, resultatet trur eg vert bra! Trøya er etter gamalt ei bestetrøye, og den kan og brukast til bunaden i staden for vestane og jakken. Oppskrift og meir historie kan du finne i boka Fanatrøyer.  

 Band og knappar er kjøpt inn på Husfliden i Bergen.  



Sølvknappane heiter Holbergknappar og er kopi av ein gamal mynt. Fine! 


Detalj frå nederste del av framstykket (ikkje dampa enno!).

Nederst på armen.

"Diamantar" på øverste del av rygg og framstykker

Knappholet som ein kan skimte skal kantast med raud og gul ulltråd. Det skal og syast belegg på innsida av bomullstøy. Har ikkje gjort det før, men det vert vel ei råd......

søndag 30. januar 2011

Knit.Sock.Love. Hedera

Sokkestrikking er kjekt. Spesielt når det er beste-sokkar. Støvle-sokkar er ikkje det kjekkaste i verda, men når sokkane vert så fine som desse, då er det kjekt. Mønsteret er henta frå ei bok som heiter Knit.Sock.Love og er skreve av ei dame som heiter CookieA. Boka er bestilt frå ein nettbutikk i USA.

Fine mønster som er lette å fylgje slik som Hedera, men og mønstre som krev litt meir konsentrasjon.


Blondestrikken gjer at sokken sit godt rundt ankelen utan å vere stram. Sokken er strikka "Small" og passar til ein fot som er storleik 35-36.


Tuppen på tåa er sydd saman med maskesting eller Kitcheners stitch som det heiter på engelsk.

Mønster: Hedera frå boka Knit.Sock.Love av CookieA. Link til gratismønster her
Garn: Drops alpakka, omlag 70 gram
Pinne: 2,5 mm